![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() | Adresseavisen 02.08.05 | Avisa Valdres 01.08.05 | Groove.no 23.05.05 | Trønder-Avisa 12.02.05 | Drammens Tidende 30.01.05 | Spelemannsbladet 01.05 | Omtalar 2004 - Omtalar 2003 |
||
Til Trondheim i seiersrusDe gikk av med seieren i konkurransen Intro-folk og ble kåret til "Årets folkemusikere 2005". I dag deltar Gjermund Larsen og Majorstuen på to konserter i Trondheim. Majorstuen er del i det omfattende folkemusikk-programmet under Olavsfestdagene som slår ut i full blomst på Ringve klokka 12 i dag. Hit kommer orkesteret - med blant andre Gjermund Larsen fra Verdal - sammen med Östersund Folkdansgille, gruppa Harv fra Värmland og dansere fra den tyrkiske gruppa Uhot. Det blir konserter helt fram til klokka 16 både i "Fjøset" og ute på tunet. Senere i kveld er det folklorekveld i Borggården. Stor lansering Uvanlig Adresseavisen 02.05.08 |
|||
Ikkje heilt uventa, MajorstuenDen nasjonale tevlinga, INTRO-Folk vart arrangert for fyrste gong i år, og finalen var lagt til Jørn Hilmestemnet. Årets folkemusikarar vart Majorstuen, som spelar hardcore folkemusikk. Det var fire nokså ulike utøvarar som møttest til finale på Fagernes Hotell laurdag ettermiddag. Fyrst ut var vestlandstrioen Tindra som song og spelte viser prega av pietismens herjingar som dei så fint kalla det. Frå heile landet Vanskeleg jobb for juryen Mari Lome, Avisa Valdres 01.08.05 |
|||
Majorstuen: Jorun JoggaNorsk felebasert tradisjonsmusikk har liksom vore noko ein har tatt innover seg i mindre porsjonar. Ja, dette er faktisk første gongen eg høyrer ei plate med norsk felemusikk frå start til mål. Og no har eg høyrt den fleire gonger attpåtil. Men det har ikkje plaga meg. Ikkje det minste. Faktisk har det gleda meg. Ganske så mykje også. For det er noko usannsynleg friskt og freidig over spelestilen til denne sekstetten. Det er det. Samstundes som dei heller ikkje er det minste redde for å lure inn vemodsfulle tonar av lyrisk karakter. Majorstuen er fire unge kvinner og to unge menn frå ulike hjørner av vårt landstrakte fedreland. Dei fant i hop og byrja å musisere saman medan dei studerte på Musikkhøgskulen i Oslo. Jorun Jogga er deira andre album. Deira sjølvtitulerte debut fekk dei spelemannsprisen for i 2003. Alle seks i gjengen har fela som hovudinstrument, men nokre av dei hentar titt og ofte også fram tonar frå bratsj og cello. Andre instrument er ikkje å høyre på plata. Så dette er ikkje eit forsøk på å utvikle norsk tradisjonsmusikk ved hjelp av uvante instrumenter, elektronikk eller andre fikse påfunn. Slik til dømes Annbjørg Lien, Langsomt Mot Nord eller Gåte har gjort på ulike vis. Likevel har eg ei kjensle av at Majorstuen fører folkemusikken inn på moderne vegar. For sjølv om dette altså er reinspikka felemusikk, og komposisjonar som følgjer rimeleg tradisjonelle stiar, så angrip dei tonane på eit slikt vis at det kan virke som dei har ein meir pragmatisk innfallsvinkel til stoffet enn det norske tradisjonsmusikarar ofte virkar å ha. No kan det nok vere at andre har gjort liknande saker før (her er det at min kompetanse møter ein stor blank vegg). Då får vedkomande i tilfelle ha meg unnskyldt. Tittelen på plata er henta frå låten som opnar seansen. Eit heftig stykkje musikk med stampande rytmikk og ertande melodiføring. Låta har sitt utgangspunkt i den einaste joggeturen til eit av bandmedlemmene. Angelica følgjer og er eit riffstyrt og ikkje altfor engleaktig nummer. Her er dei innom rocketerritorier, men utan å ty til elektrisk forsterka lyd. For å få rytmikk inn i opplegget sitt nyttar dei såkalla pizzicato teknikk (knipsing på felestrengene), eller dei klappar på fela og stampar i golvet. Liv vert det i alle fall. Like tiltalande som dei livlegaste tilfella er dei vemodsfulle tonane. Blanc og Odense med sin lengt mot heimlege trakter. Den varlege Bleu, og ikkje minst det melodisk strålande og rytmisk seige avslutningsstykket Etterspel. Kvar låt er utstyrt med ein liten forklarande kommentar (på engelsk). Desse kan nok vere med å setje fantasien inn på sporet av verknadsfulle bileter, sjølv om eg trur tonane åleine nok er dei aller beste distributørane for levande fantasiritt (både stillesitjande og fysisk forflyttande). Oddmund Berge, Groove.no 23.05.05 |
|||
Eksplosiv felekunstMajorstuen åpnet Midtvinterdansen i går kveld, og beviste med en forrykende konsert at det kan være tøft å spille fele. De ga publikum og kursdeltagere en leksjon i teknikk, rytmikk og spilleglede. Med den ferske plata "jorun jogga" i lomma, samt en spellemannpris fra 2003, er det ingen tvil om at Majorstuen har kommet seg opp og fram i den kronglete musikkbransjen. Femmere og seksere Fiffige kommentarer Jorun Jogga Espen Storhaug, Trønder-Avisa 12.02.05 |
|||
Grensesprengende folkemusikkDe var tro mot tradisjonen, men samtidig nyskapende og hypermoderne i stilen. Gruppa Majorstuen serverte en folkemusikkonsert som en fullsatt festsal på Modum Bad knapt har hørt maken til. Seks unge, dyktige og fremadstormende ungdommer sto på scenen i rokokkosalen tirsdag kveld - og lekte seg rått med det folkemusikalske materialet. Samtlige har solid bakgrunn ved Norges musikkhøgskole i Oslo og har derfor den ballast som er nødvendig for å kunne eksperimentere med rotnorske tradisjoner. Mens andre musikere har lett for å bli gjengangere i Festsalen, var det første gang disse seks besøkte Modum. De begynte med en klingende reinlender. Tittelen "Angelica" kunne lett henspille på et klassisk orgelverk av Bach, men dette var rocket og sprudlende dansemusikk i nye former. Foran et tydelig begeistret publikum som smilte og trampet takten, ga de en forfriskende opplevelse med trøkk og tæl. Dette var langt noe annet enn det man er vant til fra kappleiker. De seks unge er et nytt friskt pust inn i folkemusikktradisjonen. De nyskaper uten å radbrekke. Felespiller Andreas Ljones var skaperen av melodien i melodisk moll, komponert på et fransk slott sist sommer og med tydelig smak av den franske vinen han drakk. På toppen var et lett krydder med pizzikato (musikkteknikk med å knipse på strengene). Sjelden har vi hørt seks så velklingende feler i teknisk rent og godt samspill. På repertoaret var også et knippe rolige iørefallende melodier. Grensesprengende var fellesnevner for konserten. Til tider var tempoet forrykende da fiolinistene elegant trakk den tradisjonsbundne folkemusikken inn på sjangere som jazz, pop, rock og klassisk. Med sin Spellemannspris-vinnende debutplate har Majorstuen allerede befestet sitt ry og sikret seg flere terningkast fem i norske aviser. Eli Bondlid Sund, Drammens Tidende 30.01.05 |
|||
Majorstuen - Jorun JoggaDet er lenge sidan spelemanngruppa Majorstuen har vakse seg ut av spelemannslagformatet. Deira andre plate Jorun Jogga er nok eit prov på at sampsel på fele kan vera så mykje meir enn unisont samspel. Her har Majorstuen teke eit viktig steg vidare på vegen dei la inn på med debutplata, Majorstuen, som dei fekk Spellemannprisen for. Det nye barne lyder namnet Jorun Jogga, ein tittel som heng direkte saman med ein polka komponert av Ragnhild Furebotten. Tittelen har sitt opphav i eit einsgong joggefenomen utført av den eine av dei fire kvinnelege felespelarane i Majorstuen. Jorun Jogga innheld 13 slåtar, 11 av dei er komponerte av medlemmer av gruppa. Ragnhild Furebotten har tre: Segltur (jig), Odense (gangar), og altså Jorun Jogga, Jorun Marie R. Kvernberg har to: Angelica og Villa Elba, Gjermund Larsen har òg to: Larsen XO (polska) og Liljekrans (pols), to har òg Andreas Ljones : Blanc og Laus (halling), og Tove Hagen har ein: Bleu (vals). Ein slått, Etterspel, er kredittert R. Furebotten, J.M.R. Kvernberg og Øyvind Sandum. Dei resterande to er tradisjonelle, Gudmunddansen (hopsar) og Krossedans. Frekt og freidig omtalar gruppa slåttane sine berre med engelsk tekst: "Like an angel? Probably not" (om Angelica). Målgruppa for Majorstuen strekkjer seg langt utanfor dei tradisjonelle rekkjene. Produktet er ei raffinert blanding av nytt og gamalt, riff og vendingar frå nyare musikk, element frå både pop og litt samtidsmusikk, men med ei klar line bakover til ein ståstad. Men blikket er framoverretta. Slåttane er briljant framført og samspelet er prega av at musikarane har kjent kvarandre ei stund. Dette er tidlegare musikkstudentar som har vakse av seg studentgenseren og no byrjar å plukke frukt i eigen hage, både som komponistar og utøvarar. Tittelmelodien er eggjande og passe rå i framføringa, dei er på hugget med seks feler, nokre spelar komp. Melodien Angelica har eit klart rock´n´roll riff som varemerke, celloen til Gjermund Larsen syter for golv og tyngde i musikken og skaper variasjon i lydbiletet. Ein tøff slått. Med litt lettar svip inniblant. Gudmunddansen har ein høyrt ofte før, denne kunne kanskje med fordel vore utelate, sjølv om arrangementet er spenstig nok. Blanc er ein liten og vakker melodi komponert i Frankrike, med pizzicato og meir ettertanke i arrangementet. Elegant og lett er også Larsen XO (cognac) med feite feler og cello. Bleu speller til ei fele i eit meir nake landskap, det skaper luft og variasjon på ei plate som av og tll kan bli for kompakt. Valet av Krossedans kan virke litt underleg. Majorstuen greier likevel å få mykje ut av denne enkle turdansmelodien. Odense er med sin 6/8 synkoperte takt ein av dei meir spanande slåttane. Men den som likevel sit aller best er den siste på CD-en, den litt vemodige Etterspel. Her opplever ein at musikarane får inn ein ekstra dimensjon. Kanskje den viktigaste i all musikk; den poetiske åra som lyfter deg ut av kvardagen, den fengande melodilina som fangar deg inn og seg deg ut av spel. Rytmisk sit denne litt seine reinlenderen midt i melllomgolvet. Og så opplever me improvisasjon på fele, det er flott! Majorstuen har mykje på plass av det musikalske, dette er intelligent og leiken musikk. Og teknisk nær det fullkome. Der dei har ein del å hente er i den poetiske sprengkrafta som ligg i det dristig enkle og i det som loddar djupare i menneskesinnet, det som rører ved dein indre strengane. Lyden på plata er avrunda og naturleg og ikkje prega av studio, slik det var meir på førre plata. Så er då òg innspelinga gjort på Farmasihytta i Nordmarka. Kjell Bitustøyl, Spelemannsbladet 01-2005 |
|||
| Omtalar 2004 - Omtalar 2003 Gå til engelsk versjon for utanlandske omtalar |
|||